Til sjukehus etter mopedvelt

Nyheiter

Onsdag morgon rykka naudetatane ut etter ei melding om ei trafikkulykke i Hovdenakken i Åmdalen. Ifølgje politiet har ein moped velta. Føraren skal vere skadd, men våken.

Politiet melde frå om hendinga 08.25.

Den skadde, ei 16 år gammal jente, er frakta til sjukehus for vidare undersøking og behandling. Vegen var stengd ein kort periode.