Halloween-feiring som tek vare på smittevernet

- Kva med skattejakt, rebusløp eller filmkveld?

Dekor: Enkle grep gjer Halloween-bordet til ei dekorativ oppleving.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Vi ønskjer at små og store skal få ei kjekk Halloween-feiring, men også at alle bidreg til å minimere smitterisikoen. Vi ber difor om at de vurderer alternative måtar å feire halloween på, reduserer tal på kontaktar og følgjer råda frå FHI. Som med alle andre arrangement og sosiale samkomer kan ingen sjuke delta, ein må halde avstand, samt hugse god hand- og hostehygiene, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

I staden for ei knask eller knep-runde oppmodar kommunen til å finne alternative måtar å feire halloween på.

– No er ikkje den beste tida for å gå den tradisjonelle knask eller knep-runda. Det er vanskeleg å vite om dei du går til er sjuke eller i risikogruppa. I staden oppmodar vi om å finne andre måtar å feire halloween på, saman med dei faste gruppene ein vanlegvis er saman med. Kva med skattejakt, rebusløp eller filmkveld? Dersom de likevel vel å gå knask eller knep, kan det vere lurt å gå til folk de kjenner og veit kan ta imot besøk.

Folkehelseinstituttet har kome med råd til korleis halloween kan markerast.

  • Både dei som ringjer på og dei som opnar døra må vere friske.
  • Gå i små grupper og med dei du er saman med til vanleg
  • Hald avstand til andre grupper
  • Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Hugs reine hender, bruk gjerne ei pølseklype eller liknande til å dele ut.
  • Vent med å ete godteriet til runda er ferdig og du har vaska hendene
  • Ikkje del godteri med andre
  • Ha gjerne ein vaksen med på runda: dei kan sikre både smittevern og trafikksikkerheit i mørket.