Her kjem det ny klesbutikk

I slutten av november skal den nye butikken til Aandahls opne dørene i Ørsta. Kjeda har god tru på Ørsta og Vikegata.

Ny klesbutikk: Her i dei gamle Bomann-lokala vil Aandahls etablere seg. I slutten av november skal dørene etter planen opne. 

Vi har trua på Ørsta og vi er heilt sikre på at akti-viteten i Vikegata vil ta seg opp att

Svein Arild Sættem
Nyheiter

– Vi tykkjer at Ørsta og Vikegata er ein fantastisk plass. Vi ser på staden som ein vekstregion og at her er det moglegheiter. Vårt konsept kan tilføre noko som kanskje ikkje er der i dag, seier Svein Arild Sættem som er dagleg leiar i Aandahls.