Fekk krisestipend

Runar Gudnason er mellom anna kjent frå Side Brok  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Runar Gudnason frå Ørsta er ein av 679 norske kunstnarar som har fått ekstraordinært kunstnarstipend i samband med koronakrisa. Stipendet er på 100.000 kroner, og er delt ut av Kulturrådet.

– Stipendordninga skal bidra til at fleire kunstnarar klarer seg økonomisk gjennom koronakrisa, å oppretthalde kontinuitet i kunstnerisk produksjon, sikre sysselsetting og bidra til etterspørsel. Forfattarar, oversettarar, biletkunstnarar, scenekunstnarar, musikarar og arkitektar er blant gruppene som kunne søke det ekstraordinære stipendet, skriv Kulturrådet i ei pressemelding.

Runar Gudnason får stipendet som populærkomponist, men han arbeider og som oversettar og filmskapar.