Ørsta skisenter fekk ikkje koronakompensasjon

– Vi må få vurdert søknaden på nytt

Grunna koronapandemien har Ørsta skisenter tapt cirka to millionar kroner. Frå krisepakkane til regjeringa har ikkje skisenteret blitt løyvd ei krone.

På bar bakke: Ørsta skisenter og mange andre skisenter står på bar bakke. Ørsta skisenter krev å at søknaden om koronakompensasjon skal vurderast på nytt. Arkivfoto 

No må ordninga betrast

Frank Harald Velle
Nyheiter

– Stortinget løyvde 250 millionar kroner i kompensasjon til skianlegg og tivoli for å dekke utgifter til lovpålagt vedlikehald. Stortinget sin intensjon var god, men ordninga fungerer ikkje i praksis, det kjem tydeleg fram av tala. No må ordninga betrast og vi må få vurdert søknaden på nytt, seier dagleg leiar Frank Harald Velle ved Ørsta skisenter i ei pressemelding.