Masterstudium på barnehagelærarutdanninga

– Vi ønsker å styrke kompetansen i barnehagane med denne nye utdanninga

Nytt tilbod: Bente Vatne er programansvarleg for det nye mastetilbodet. Arkivfoto 

Nyheiter

Alt er på plass med den heilt nye masteren i barnehagekunnskap ved Høgskulen i Volda, skriv høgskulen på sine nettsider

– Vi er stolte over å ha alt på plass og no er vi veldig klare og gler oss til å ta imot studentar, seier Bente Vatne, programansvarleg for Master i barnehagekunnskap.

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar, men også grunnskulelærarar, faglærarar med Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) med relevant fagkrets og barnevernspedagogar kan søkje om opptak, fortel dosent Bente Vatne.

Søknadsfrist er 1. november 2020.

– Det har alt kome inn søknader, og no haster det med å søke, seier Bente Vatne til Møre-Nytt

Masteren er på deltid og går over ni semester. Det er lagt opp slik at studiet kan kombinerast med jobb. Vatne meiner behovet for mastergraden er tydeleg.

– Det er ingen mastergrader som er retta mot barnehagefeltet mellom Trondheim og Bergen. Det var også svært gledeleg at det var mange interesserte som tok kontakt då masteren vart godkjent i sommar. Vi ønsker å styrke kompetansen i barnehagane med denne nye utdanninga. På den måten vil også innhaldet i barnehagen verte betre, påpeiker Vatne.