Politiet

– Barn nede i 13 år sel MDMA og ecstasy

Politiet i Møre og Romsdal gjekk onsdag ut med at det er gjort fleire beslag av MDMA og ecstacy. Dei har registrert seljarar nede i 13 år.

Politiet i Møre og Romsdal har gjort fleire beslag av ecstacy og MDMA den siste tida. Seljarar har vore heilt ned i 13 år gamle.  Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Nyheiter

– Vi har høyrt tips og rykte om sal av MDMA her i ungdomsmiljøet. Eg har ikkje oversikt om det er gjort beslag lokalt. Generelt så vil alle rusmiddel som du finn i Møre og Romsdal også vere tilgjengeleg her. Difor er det absolutt grunn til å be foreldre og ungdomar om å vere merksame, seier Pål Inge Olsen til Møre-Nytt. Olsen er koordinator for førebyggande arbeid i politiet.