Køyrde utfor vegen

Utforkøyring Helgehorntunnelen  Foto: tipsar

Nyheiter

Ein bil hamna utfor vegen ved Helgehorntunnelen på Riksveg 653 tysdag morgon. Poltiet har ikkje meldt om personskade.

Det var temperaturar ned mot null fleire stader i Ørsta-Volda tysdag morgon.

- Det var meldt om glatt på staden, og sjåføren har fått skrens og hamna i grøfta, seier operasjonsleiar i politiet, Arild Reite til Møre.