Dyr nettleige i Møre og Romsdal

– Må prioritere og utvikle kraftnettet

Må styrkast: Kraftnettet må styrkast, seier Ørsta formannskap i ei fråsegn.   Foto: Janne-Marit Myklebust/Illustrasjonsfoto/Arkiv

Nyheiter

– Eit velfungerande kraftnett er ein grunnleggande infrastruktur for at samfunnet vårt skal utvikle seg.

Det seier Ørsta formannskap i ei fråsegn, etter framlegg frå Per Are Sørheim (H).

– Skal vi klare å nå fornybarmåla våra så må samfunnet elektrifiserast og då er det ein føresetnad at kraftnettet må styrkast. Det både for å legge til rette for auka uttak og ny fornybar kraftproduksjon. Ørsta kommune registrerer at tilgjengeleg kapasiteten i delar av kraftnettet i Ørsta og Volda er liten. Kommunen ber difor om å prioritere planlagde utbyggingar av transformatorkapasitet, produksjon- og kraftlinjer i området vårt. For å utvikle kraftnettet i Møre og Romsdal bør vi også sjå på korleis vi organiserer drifta. Fylket har i dag blant den høgaste nettleiga i landet. Ei sterkare organisering av kraftnettet i regionen, med ein eigen operatør av distribusjonssystem (DSO), vil vere viktig for å drive fram denne utviklinga, står det i fråsegna.