– Kaos og stor usikkerheit

Ørsta formannskap har kome med ei fråsegn om ferjesituasjonen i Hjørundfjorden.

Ferjeforvirring: Kommunen ønskjer tydelegare informasjon om ferjeavgangane i Hjørundfjorden. Arkiv 

Nyheiter

Hans Olav Myklebust (Frp) fremja forslaget til fråsegn, og det vart samrøystes vedteke.

– Ørsta kommune er sterkt uroa over dei mange driftsavbrota på ferjesambanda i Hjørundfjorden, og den usikkerheita dette medfører. Dette er ikkje Ørsta kommune nøgd med. Vidare er Ørsta kommune oppteken av korrekt informasjon til dei reisande som nyttar ferjene i Hjørundfjorden. Ved driftsavbrot der alternativ rutetabell er sett i verk, vert ikkje rutetidene oppdaterte på ferjekaiene. Dette skaper kaos og stor usikkerheit for dei reisande, både fastbuande og tilreisande. Ørsta kommune ber om at korrekt informasjon om avgangar vert formidla til dei reisande. Ørsta kommune ser også at ruter som er oppført i rutetabellen, og som vert utført ved manglande signaltur til andre kaier, skaper usikkerheit for dei reisande. Korleis skal dei reisande kunne vere oppdatert om bestilt/utført signaltur? Det er vanskeleg å planlegge å nytte desse avgangane då ein er avhengig av å komme seg til desse kaiene, står det i fråsegna.




Toferjesystemet på Hjørundjorden

«Tolmodet vårt er for lengst slutt»