Varslar erstatningskrav mot kommunen tilsvarande kostnaden ved å leggje torvtak

Feil taktekke: Eigaren av denne hytta i Harevadet fekk godkjent byggjesøknaden innehaldande informasjon om taktekke i sort shingel. Politikarane i Volda har pålagt hytteeigaren å leggje nytt tak. Hytteeigaren har klaga på vedtaket.   Foto: BENGT FLATEN - Fjordingen

Nyheiter

Fjordingen: Ein av to hytteeigarar i Harevadet som har fått pålegg om å byte ut takshingel til torvtak, varslar gjennom advokat Lars E. Sande at dersom vedtaket vert ståande etter klagebehandling, vil dette utløyse erstatningskrav mot Volda kommunen tilsvarande kostnaden ved å leggje torvtak.