Humanistisk konfirmasjon

Om kjærleik og grenser

Konfirmanttalar Chalak Kaveh fortalde konfirmantane at dei står føre store oppgåver og mykje ansvar, men dei er ikkje aleine. Han råda ungdomane til å bruke familie og vener, for dei er glade i dei.

kursbevis: Konfirmantane kom fram i grupper på fire og fem og fekk overlevert kursbevis og rose. FOTO: INGVILD AURSØY MÅSEIDE, Vikebladet Vestposten 

Nyheiter

Vikebladet Vestposten: Laurdag vart 51 ungdomar frå heile Søre Sunnmøre konfirmerte på Sjøborg kulturhus. Eigenleg skulle seremonien ha vore 2. mai, men han vart utsett på grunn av korona.