- God psykisk helse på møteplassane

– Det er utruleg bra at Fora Form tek tak i problematikken rundt psykisk helse, og er med på kampanjen vår, seier kommunikasjonssjef Kristin Løfoll Bergersen i Mental helse.

Mental Helse: Kommunikasjonssjef Kristin Løfoll Bergersen i Mental helse kom til Fora Form for å markere verdsdagen for psykisk helse. 

Nyheiter

Måndag reiste ho i eins ærend frå Oslo for å vere med då Fora Form markerte verdsdagen for psykisk helse i fabrikklokala på Mosflata.