1,3 mill. til inventar og utstyr

Formannskapet rår kommunestyret til å sette av 1.385.000 kroner til inventar og utstyr i D alevegen 24.

Dalevegen: Det gamle legesenteret er i ferd med å verte renovert. 

Nyheiter

Det gamle legesenteret i Dalevegen 24 er venta stå ferdig renovert i månadsskiftet januar/februar 2021. Huset skal samlokalisere fire ulike driftseiningar og fleire funksjonar. Heimebasert omsorg aust og vest, eining for ergo-fysio og friskliv og helsestasjon flyttar inn saman med kommunepsykolog. Meir enn 70 tilsette kjem til å ha Dalevegen 24 som arbeidsplass og base Byggprosjektet omfattar i svært liten grad inventar og utstyr til huset. Sjølv med gjenbruk frå einingane sine noverande lokale, vil det mangle mykje nødvendig inventar og utstyr, står det i sakspapira.




Skal byggje og renovere Dalevegen 24

Ørsta-firma tok heile kontrakten