Egil og Karen har flytta heim

Blæs liv i Gamle Skrivargarden

– Kan vi gjere dette? tenkte Egil Olsen, då han stod utanfor Gamle Skrivargarden i Volda, ein dag i mai i år. Huset ruva framfor han.

Til Volda: Etter fjorten år i Oslo og på Nesodden har Egil Olsen og Karen Rosenberg Olsen flytta heim til Sunnmøre saman med borna Brage (1) og Balder (6).  Foto: Privat

Vi vil drive Gamle Skrivargarden for å ta vare på Gamle Skrivargarden. Det vi får inn på arrangementa våre, skal gå til vedlikehald

Nyheiter

Det hadde alt dei drøymde om og meir til. Mykje meir. Dei kunne. No er Egil Olsen og Karen Rosenberg Olsen stolte eigarar av det historiske huset.