Klage frå miljøorganisasjon

– Støy kan handterast gjennom lokale tiltak

Miljøorganisasjonen Grønn framtid ville ha meir skjerming mot støy på Ose. Klagen har ført fram.

Klage: Det har blitt endringar i detaljreguleringa for Område B9 på Ose. 

Nyheiter

Detaljregulering for Område B9 på Ose vart vedtatt i kommunestyret i mai. Etter at vedtaket vart gjort kom det klage frå Miljøvernorganisasjonen Grønn framtid. Organisasjonen opplyser at dei arbeider for å hindre fare for liv, helse og miljø innan norsk planlegging. For planen på Ose vart det klaga på manglande skjerming mot støy og manglande beskriving av dette i planen.

– Det gjerast samtidig oppmerksam på at støy kan handterast gjennom lokale tiltak som doble vindauge (russervindauge), støyskjermar framfor dei enkelte vindauge, orientering av rom o.l., som er kvalitetar som ikkje trenger å fastsettast før bruksløyvet blir gitt. Klagen er såleis ikkje til hinder for at igangsettingsløyve blir gitt, heiter det i klagen.

Klagen har blitt tatt til følgje. Formannskapet gjekk samrøystes inn for endringane i sist møte.

– For kvar bueining skal minimum 50 prosent av opphaldsrom, inkludert minimum eitt soverom, ha vindauge mot stille side, heiter det i vedtaket.