Racer-namnet er historie

– Håpar å få fleire folk på Ørsta-kontoret

I januar 2011 vart Racer starta opp i Ørsta og Ålesund. Ni år seinare har verksemda gått frå fire tilsette til å bli ein del av eit stort internasjonalt IT-konsern.

Olav Sindre Kriken er byråleiar i Visma Digital Marketing.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Fredag gjekk Racer-namnet inn i historiebøkene og er blitt til Visma Digital Marketing. Racer vart starta som eit kommunikasjonsbyrå med Olav Sindre Kriken som ein av gründerane. I 2017 fusjonerte Racer og Avento og to år seinare vart selskapet kjøpt opp av Visma.