Tussaparken

Sandal AS vurderer å klage

Tussaparken, der arbeidet er i gang.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS vurderer å sende inn klage på anbodskonkurransen om opparbeiding av Tussaparken i Ørsta sentrum.

I eit brev til Ørsta kommune skriv firmaet:

«Det var med stor forundring vi las i Mørenytt fredag 11. september 2020, at arbeida i Vikeparken ikkje skal vere ferdigstilte før 17. mai 2021. I anbodspapira var ferdigstillelsesfristen sett til 06.11.2020, med forbehold om at plantearbeidet muligens måtte utsetjast til våren dersom vinter og frost skulle gjere det uråd å utføre plantearbeid i haust.

To forhold ville resultert i lavare pris frå oss, dersom vi visste at ferdigstillelse skulle setjast til vår 2021:

1. Vi la til grunn for prisen full innsats for vår arbeidsstyrke frå dag ein, samt eit stort beløp for nødvedig overtid for å kome i mål til 06.11.20.

2. Med den nye tidsfristen kunne vi ha beregna inn vinterarbeid for vår arbeidsstyrke. Det er ei kjent sak at det kan vere vanskeleg å skaffe nok vinterarbeid i anleggsgartnarbransjen. Vi ville lagt inn lavare forteneste for den delen av arbeid et som skulle foregå på vinteren, dersom vi visste om den nye fristen.

På bakgrunn av dette, ber vi om ei forklaring på kvifor fristen allereie no er utsett. Mottek vi ikkje slikt svar i løpet av ei veke, som med tanke på det ovanfor nemnde dokumenterer rettferdig tildeling i anbodskonkurransen, kan de sjå på denne e-posten som ein klage.»