Lanserte eTorg for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre

– Kjem alle til nytte

No blir det sjølvbetening av mange kommunale tenester gjennom Søre Sunnmøre eTorg.

Søre Sunnmøre etorg: Guttorm Øye (Ørsta kommune), Marte Saure (Vanylven kommune) og Bjørn Heggen (Ørsta kommune) presenterte den nye tenesta til kommunane på Søre Sunnmøre onsdag. 

Nyheiter

– Vi har gleda oss veldig til å presentere denne tenesta. Dette kjem alle til nytte. Ser vi på folketalet i dei sju kommunane som er med er det på 49.479, sa Guttorm Øye som er fagleiar oppmåling i Ørsta kommune og som har arbeida mykje med den nye tenesta.