Ny rektor på plass ved Vikemarka skule

– Eg gler meg til å starte skikkeleg og eg har fått ein god velkomst

Måndag gjekk Berit Brunvold inn dørene på Vikemarka skule til sin første dag som ny rektor. Måløyværingen gler seg til å bli kjend med elevar, skulen og dei tilsette.

Ny rektor: Berit Brunvold hadde sin første dag som rektor ved Vikemarka skule måndag denne veka. Ho gler seg til å ta fatt på oppgåvene som ventar og har eit positivt inntrykk av sin nye arbeidsplass. 

Nyheiter

1. mai i år starta Karen Strand som rektor ved Vikemarka skule. Ein månad seinare måte stillinga lysast ut på ny då Strand sa opp og byrja som rektor ved Ulsteinvik barneskule. Inspektør Henning Tafjord har fungert som rektor, men måndag 14. september var Berit Brunvold på plass i rektorstolen ved Vikemarka skule.