Kommunen asfalterer endå ein grusveg

Ørsta kommune set i gang nok eit asfalteringsprosjekt. Denne gongen i Bondalen.

Anleggmaskinane er i gang.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det er strekninga Mo – Hustad på sørsida av nedre Bondalen som skal verte asfaltert. Arbeidet har starta, og vil ta to til tre veker.

Ferdig vegbreidd vert 3,5 meter med asfalt, og 0,5 meter grusa skulder på kvar side. Veglinja skal følgje eksisterande veglinje. Total vegbreidd med asfalt og grusskulder vert 4,5 meter.

I løpet av hausten

– Det vil seie at eksisterande veg vert utvida noko i breidda. Målet er at asfalt skal kome på i løpet av hausten, heiter det i eit skriv til grunneigarane frå Ørsta kommune.

Det skal kome asfalt forbi Moane i Bondalen.  Foto: Rune Sæbønes


Opphavleg var det planlagt at ei strekning på to kilometer skulle asfalterast i denne omgangen. Men grunneigarar er varsla om at kommunen kan greie 500 meter ekstra.

Arbeidet startar i vest, ved Kvistadvegen, og går austover mot Hustad.