Går inn for nedlegging

– Det er lite å spare på å kjøpe Bratteberg barnehage,og legge ned Sollia meiner Volda Høgre. Men fleirtalet i formannskapet er usamd.

Barn leikar i Sollia barnehage i Volda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Formannskapet i Volda gjorde onsdag eit vedtak som inneber følgande, dersom det vert endeleg vedtatt i kommunestyret: Volda kommune inngår avtale om kjøp av Bratteberg barnehage innanfor ei kostnadsramme på 37 millionar kroner. Gjennom ei verksemdsoverdraging tek Volda kommune over arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i Bratteberg barnehage. Drifta av Sollia barnehage vert avvikla frå 01.01.2021. Barnehageplassane vert overført til Bratteberg barnehage. Drifta av Sollia barnehage held fram til 31. juli.2021. Frå 1. august 2021 vert barnehageplassane overført til Bratteberg barnehage og dei tilsette får ny tenestestad der.