I konflikt om flaumsonekart

Ørsta kommune foreslår ei minneleg løysing over NGI i ein konflikt om flaumsonekart.

Sæbø er flaumutsett.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det var i 2019 at Ørsta kommune gjekk inn ein avtale med NGI om å få laga eit flaumsonekart for nedre Bondalen.

Ørsta kommune meiner at NGI ikkje har levert eit kart slik bestillinga frå kommunen var.

– I samband med regulering av Sæbø sentrum meiner vi at flaum- og erosjonstilhøva i Skondalselva må vurderast konkret, og at det må vurderast om eventuelle hendingar i Holeelva inneber ein reell flaumfare for planområdet, heiter det mellom anna frå Ørsta kommune i eit skriv til NGI.

Kommunen meiner NVE støttar kommunen i at flaumsonekartet som vart levert, hadde manglar.

Kommunen har difor fått meirutgifter for å få kartet oppdatert slik kommunen meiner er naudsynt.

Ørsta kommune ynskjer å få saka ut av verda, for foreslår difor overfor NGI at kommunen og NGI deler på ekstrakostnadene med tilleggsrapporten. Det vil seie at partane betalar 31.500 kroner kvar.