Forseinka Møre-Nytt

Nokre av Møre-Nytt sine abonnentar må rekne med forseinka levering.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Posten har ikkje fått alle bunkane med Møre-Nytt dei eigentleg skulle ha. Dermed er det forseinkingar for ein del av dei kundane som får Møre-Nytt gjennom Posten.

– Det har vore endringar i leveringsrutinane, og pakkar som skulle til oss har blitt feilsendt. Vi vil gjerne ha fram at det ikkje er Posten og Bring som er ansvarlege for situasjonen, seier Helge Gilleboe i Posten og Bring.

Dei fleste av Møre-Nytt sine abonnentar får avisa gjennom Polaris Distribusjon, og det skal ha fått avisene som normalt tysdag. Forseinkingane råkar ein del av dei kundane som får aviser gjennom Posten.