Aktivitetssenteret opna dørene etter seks månader

– Eg trur at alle som er her er samde om at vi har sakna bingoen

– Er alle klare til å starte bingoen? Då går vi i gang og første talet er N33.

Bingo: For første gong på seks månader vart det arrangert bingo på Aktivitetssenteret tysdag. Bingovert Kirsti Kongsvoll starta presis og den faste bingogjengen var glade for å kunne samle seg att. Tradisjonen tru var premiebordet stort. 

Nyheiter

Stemninga var god då Kirsti Kongsvoll starta den første bingoen på Bakk-Ola-marka på eit halvt år. 12. mars stenge Aktivitetssenteret dørene grunna koronapandemien. Måndag denne veke var første opningsdag på seks månader.