Utset opninga av Ørsta-bassenget

- Grunna skade på bassenget vert symjehallen diverre ikkje opna som planlagt 15. september, opplyser Ørsta kommune.

Utslitt: Bassenget i gamle Ørstahallen har sett sine beste dagar.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Etter fylling av vatn i bassenget har seksjon eigedom avdekt mellom anna omfattande riss og betongavskavlingar i konstruksjonen, heiter det på Ørsta kommune si heimeside..

I samråd med kommuneoverlege, vernetenesta og kommuneleiinga, har ein konkludert med at det ikkje vil vere forsvarleg og opne bassenget, korkje for brukarane eller tilsette.

Seksjon eigedom vil så fort det let seg gjere søkje ekstern kompetanse, for ei fagleg vurdering og tilråding av vidare drift.

Kor lenge bassenget vil bli holdt stengt er pr. i dag uvisst. Følg med på heimesida for oppdatering.