Byggjer veg på gamlemåten

Olav Sætre og Jon-Arve Lillemark byggjer turveg på Andaneset.  Foto: Torgeir Stensø

Nyheiter

På Andaneset er det ein svært så populær turveg, som no vert bygd vidare på. Og sidan det ikkje er køyrbar veg veg fram til området må ein nytte stein som ligg på staden til å lage støttemurar. Arbeidet skjer på gamlemåten ved hjelp av boring og kiling/deling av stein og løfting med manuell kran.

Vegen blir bygd på gamlemåten.  Foto: Torgeir Stensø

Det er Olav Sætre og Jon-Arve Lillemark i firmaet Sandal AS som står for bygginga av den vesle vegstubben ned til der det skal kome ei bade- og fiskebrygge.

Byggjeprosjektet er ein del av arbeidet med å tilretteleggje for endå meir friluftsliv på Andaneset.