Ørsta kulturhus står overfor eit vegskilje

– Ein unik sjanse til å samle kulturen i bygda på ein stad

– Draumen er store opne vindauge som opnar kulturhuset opp mot verda. Ein stad der det yrer av liv frå tidleg morgon til sein kveld. Ein stad der ung og gammal finn like stor glede av å vere.

Glad i jobben: Ingen er meir stolt over kulturhuset og kulturmangfaldet i Ørsta enn kulturhussjefen sjølv, Janne M. G. Skarstein. – Men det er heilt klart at det er eit gammalt bygg vi har å tilby dei ulike aktørane. Om eg får velje ønskjer eg meg eit nybygg, men eg stolar på at dei som bestemmer tek dei rette avgjerdene for at kulturhuset vårt. 

«Her er eit samfunnshus for alle innbyggjarane i heile Ørsta kommune. Bruk det!»

Ordførar Karstein Standal under opningstalen for Ørsta samfunnshus i 1978
Nyheiter

Kulturhussjef Janne M.G. Skarstein har brukt mykje tid på å drøyme, planlegge og tenke siste månadene. Ørsta kulturhus står ved eit vegskilje. No vert framtida bestemt. Skal huset rivast eller renoverast? Det einaste som er sikkert er at det må skje noko.