Vil seie opp avtalen om leige av "Jungelen"

"Jungelen" ved Høgskulen i Volda.  Foto: Arkiv/Sunnmørsposten.

Nyheiter

Kommunedirektøren rår formannskapet i Volda til å seie opp avtalen om leige av leikeplassen «Jungelen» med Høgskulen i Volda og Statsbygg.

Leikeområdet «leikejungelen» som ligg ovanfor den austlege grusbana ved Høgskulen i Volda, har gjennom ei årrekke vore i bruk av elevane ved Øyra skule. For å formalisere bruken av området og sikre elevane tilgang til leikeplassen, vart det i 2011 inngått ein avtale med Høgskulen og Statsbygg på bruken av området. I etterkant av at avtalen vart inngått, har kommunen bygd ein ny Øyra skule og investert betydeleg i eit nytt leikeareal for elevane rundt skulen.

Tilstanden til leikejungelen er i dag ikkje tilfredsstillande og leikearealet vart av den grunn stengt i mai. Med bakgrunn i at kommunen har ansvar for vedlikehaldet og sikkerheita på leikeplassen, må ein no avgjere om det skal gjerast investeringar på området for å sikre utbetring av leikearealet til tilfredsstillande stand, eller om kommunen skal seie opp avtalen om bruk av arealet.

Kommunedirektøren rår altså til det siste alternativet, å seie opp avtalen.