Ny natt med bråk på Shell

Nyheiter

Politiet greip inn to gongar mot uro ved Shellstasjonen i Ørsta natt til søndag.

Politiet skriv på twitter:

"Kl 2330. Frå eit køyretøy ved Shellstasjonen vart det spelt svært høg musikk. Har fått pålegg om å dempe seg for resten av natta."

"Kl 0245. To menn bortvist frå sentrum etter at dei krangla ved Shellstasjonen."