Preike

Midtvegs på livsens ferd

Livet består av mange reiser. Både i bokstavleg forstand og i meir overført meining.

Lydia frå Tyatira: - tøyhandlar i Filippi og viktig medarbeidar for Paulus. 

Nyheiter

Indre reiser kan vere like lange og viktige som dei ytre. Sjølvutvikling, lære noko nytt, gå inn i seg sjølv. Eg har sjølv reist mykje opp gjennom åra. No er eg om lag midtvegs i livet og har staka opp ein ny kurs.

Bibelens Paulus var også på mange reiser. Om lag midtvegs på livsens ferd fekk han ein ny kurs for livet. Sjølv om han var ein motstandar av dei kristne, fekk han i ein visjon ei sterk indre oppleving og vart sjølv ein kristen. Han som sjølv som offentleg tenestemann hadde vore ivrig i å forfølge dei kristentruande jødane med statens våpen og lov i hand fekk eit nytt oppdrag: Paulus tok sjølv til å forkynne evangeliet. Hans marknad var den store verda. Å arbeide hos folkeslaga, som det heiter i NT.

Ein gong kom han til den romerske garnisonsbyen Filippi nord i Hellas. I den landsdelen som heiter Makedonia. Filippi var ein forholdsvis ny romersk by på eit område som tidlegare hadde vore si eiga stormakt. Eit planmessig gjennomført byanlegg der romersk religion og skikk stod sterkt. Her budde ei kvinne som heitte Lydia. Ein velståande tekstilhandlar. I tradisjonen avbilda med fine purpurfarga klede. Etter å ha møtt Paulus kom ho til trua og vart døypt i ei elv eit stykke utanfor byen. Den første kristne dåpen på europeisk jord.

I Mars 2018 midt i vårbløminga fekk eg høve til å besøke denne staden. Det var ei fin og sterk oppleving. Eit vakkert åttekanta gravkapell med stor dåpsbrønn i midten står der på den rolege plassen under fjellsida, og minner oss på at Lydia i dåpen fekk ein ny kurs i livet.

Etter kvart vaks det fram ein viktig kyrkjelyd i Filippi som Paulus vart spesielt glad i og som han seinare skriv brev til. Filipparbrevet er skreve mange år seinare frå ein stad langt vekke og ber tydeleg preg av den store gleda forfattaren vert fylt med når han tenker på dei gamle venene sine.

Slik er det også i vår kyrkje her i Noreg. Kvar gong vi feirar dåp i kyrkja opplever vi ei stor glede. Ikkje berre over eit nyfødt barn, men ved å ta imot eit nytt barn i Kristus. Vi er alle Guds barn. For kvar ny bror og søster som kjem til familien er det grunn til å glede seg stort. Det er alltid verdt ein fest! Vi feirar det nye livet: eit liv med kjærleik, dømmekraft og innsikt der kvardagens bagatellar vert sett i perspektiv. Der vi greier å sjå kva som er viktig og prioritere slik at vi står reine og ulastelege på Kristi dag.

Preiketeksten 15. søndag i treeiningstida:

9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10 så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

Fil 1,9-11