Matvanar som spelar på lag med planeten

Er du ein av dei som ønskjer å ete meir klima- og miljøvenleg, men er usikker på korleis du skal gjere det? Svaret ligg ikkje nødvendigvis i å kutte ut alt animalsk, men å ha meir plantebasert mat på tallerken og kaste mindre i bosset.

Du kan bli mett sjølv om du berre har plantebasert mat på tallerken - og så er det bra for mijøet i tillegg.   Foto: Foto frå boka: Mia Frogner

Nyheiter

FN har rekna ut at matproduksjonen i verda står for ein firedel av alle klimautslepp på kloden. Det inkluderer dyrking og hausting av alle plantar, grønsaker og dyrefôr, og dyra i seg sjølv, transport, foredling og pakking. Som matetarar er vi dermed ein del av dette systemet.