Kongeskipet stansa på Vartdal

Kongeskipet i god fart i Vartdalsfjorden søndag ettermiddag.  Foto: Nils-Jarle Sætre

Nyheiter

Kongeskipet "Norge" har gått nordover Sunnmørs-kysten søndag ettermiddag, etter å ha kome frå Selje. I følge Sunnmørsposten er skipet på veg til Kristiansund, med kronprinsen om bord, og søndag kveld ankra "Norge" opp i Ålesund.

På Vartdal stansa skipet, og mannskap gjekk i land, vert det opplyst til Møre-Nytt.

Vartdalingane spekulerer på om kongeskipet sikra seg forsyningar med fisk frå "Ramoen", slik dei har gjort ved tidlegare høve.