Fleirtalet av nordmenn vil halde fram med handsprit 

NPK-NTBMeir enn åtte av ti nordmenn ønskjer at butikkar og spisestader skal halde fram med å tilby handsprit også etter at koronapandemien ein dag er over.

85 prosent av dei spurde i ei fersk undersøking meiner butikkar og spisestader bør fortsette med å tilby handsprit også etter koronaepidemien.   Foto: Gorm Kallestad

Nyheiter

Det viser ei undersøking frå Norsk koronamonitor frå Opinion. Berre 12 prosent svarer nei, og 4 prosent veit ikkje.

– Enkelte av dei nye vanane vi får under epidemien, ser ut til å kunne bli meir permanente. Handspriting ved inngangen til butikkar og restaurantar vil nordmenn halde fram med, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion i ei pressemelding.

Måndag denne veka sa NHO Service og Handel at bransjen ønskjer å vidareføre smitteverntiltak også når pandemien er over. Det same gjeld for Helsedirektoratet, som meiner handsprit er eitt av mange tiltak ein bør halde fram med for å førebyggje spreiing av andre sjukdommar som forkjølingsvirus eller omgangssjuke.

I alle landsdelar meiner mellom 80 og 90 prosent av dei spurde at handspriten har komme for å bli. Til saman 1.356 personar er spurde i undersøkinga.