God dag-praten

– Sømna er kjent for å ha ein fem meter lang ostehøvel, Noregs største i 2012

Kim Åge Furuhaug. 34 år. Sambuar, to born og ein katt. Bur i Volda. Musikar og 3. årsstudent ved IPAs på høgskulen. Har spelt på plater til Daniel Kvammen, Sondre Lerche, Sigrid, Ylvis, Marthe Valle m.fl. Hobby: Kaldheve pizzadeig og langtidssteike svinekjøt til taco   Foto: privat

Nyheiter

Korleis ser kvardagen din ut?

Heldigvis(!) er ingen dagar like. Dei siste åra har eg prøvd å kombinere familielivet med det å jobbe som musikar og å studere. Ein dag så står eg opp kl. 05.15 for å ta ein rask dusj, og så hoppar eg i ein taxi kl. 05.30. Vidare er det sjansespel på kva for kolli eg skal sende og kva eg tek med meg inn på flyet. Som trommeslagar så har eg nokre store og uhandterlege kolli, og med mange mellomlandingar, så har det ein tendens til å forsvinne.