– Fleire og rimelegare studentbustader

Åse Kristin Bakke seglar opp som ein av dei som vil kome høgast på stortingslista til Arbeidarpartiet. Ho vil arbeide for fleire studentbustader.

Åse Kristin Bakke og varaordførar Sverre Leivdal i Volda.  Foto: Elise Stokken

Nyheiter

Ho vil jobbe for fleire og rimelegare studentbustader og gode studentmiljø viss ho kjem inn på Stortintget, heiter det i ei pressemelding frå AUF Møre og ROmsdal.

Ask Bakke er AUF sin kandidat til stortingsvalet 2021, og er foreslått som 2.-kandidat på Stortingslista til Møre og Romsdal Arbeidarpartiet av ein samrøystes nominasjonskomité.

Torsdag var ho i Volda for å lære meir om utdanningsbygda saman med varaordførar Sverre Leivdal.

Studentmiljøet i Volda er rykte på seg for å vere eksepsjonelt godt.

Åse Kristin Ask Bakke og Sverre Leivdal slo av ein prat med studentparlamentet og studentsamskipnaden, som kunne fortelje om det gode studentmiljøet.

Regjeringa bygg altfor få studentbustader. Det må løyvast meir midlar frå staten til å bygge studentbustader i heile landet, også i Møre og Romsdal. Det er Studentsamskipnadene som står for utbygginga av studentbustader, og overskotet førast tilbake til studentaktivitet, noko som er positivt.

– For å skape gode høgskulebygder må vi prioritere å bygge fleire studentbustader, seier Ask Bakke.

Rune Aasen som jobbar i studentsamskipnaden fortel at studenthuset Rokken har vore avgjerande for å skape det gode miljøet, men det er noko spesielt med små studentmiljø. Du får ein heilt spesiell intimitet og tryggleik som student på bygda som du ikkje får i byen.

– Dette gjer Volda til ei attraktiv og viktig studentbygd vi skal vere stolte av og satse på i framtida, seier Ask Bakke.

Sverre Leivdal fortel at han er mykje stolt over å representere ei studentbygd som Volda.

– Vi har ein samskipnad, høgskule og lokalsamfunn som samarbeider for å gjere trivselen og det faglege utbyttet til studentane mest mogleg, og lykkast med det!

Som ei studentundersøking om einsemd blant studentane har vist, er god psykisk helse og eit inkluderande samfunn viktig for å skape studentvelferd. Dette vil vere spesielt viktig no og i tida etter covid-19 pandemien.

Ask Bakke er svært positivt overraska over kva som er fått til innan utdanning.

– Eg har vore mykje i Volda i oppveksten, og hadde sjukehuspraksis som sjukepleiar her, eg er imponert over dei enorme ressursane og kompetansen som er i bygda. Det er kjempespennande kva ein har fått til her! At Volda har fått til dette til trass for den distrikts- og utdanningsfiendtlege politikken regjeringa fører er utruleg. Sjå til Volda vil eg seie til Oslofolket om eg blir valt inn på Stortinget neste år.