Ferjefylket 100 år

– Det finst knapt ein trafikant i ferjefjordane som ikkje kjenner svela

Volda i sikte.  Foto: Frå samlinga til Jostein O. Mo

Nyheiter

Ferjeselskapet Fjord1 MRF AS vart opphavleg skipa for 100 år sidan som Møre Fylkes Ruteselskap (MFR) i 1920, men skifta namn til Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) i 1949. MRF vart i 2001 eit dotterselskap av konsernet Fjord1 saman med Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Desse utviklingskreftene har teke tak i fleire sider ved trafikk og transport innanfor ferjedrift, gods-trafikk og passasjer- og ekspressbåtdrift.