Nattebråk i Ørsta - narkotika i Volda

Politiet melder om fleire hendingar i Ørsta og Volda natt til laurdag.
Nyheiter

Det var ordensforstyrringar i Ørsta fredag kveld og natt til laurdag, melder Møre og Romsdal politidistrikt.

Like etter kl. 22.00 vart ein mann i tjueåra vist vekk frå Ørsta sentrum. Mannen vert meld for forulemping av offentleg tenestemenn i tillegg til at han braut vilkåra for ro og orden.

Seinare på natta måtte politiet igjen vise vekk ein person frå sentrum. Denne gongen ein ung mann. Denne mannen dukka opp igjen på Shell-stasjonen etter om lag ein time, og vert meld for ikkje å etterkome politiet sine pålegg..

I Volda vil to personar få eit oppgjer med påtalemakta. Dei er melde for å ha og bruke narkotika.