- Eplesmør har ein heilt nydeleg smak av karamellisert sukker, eple og kanel

SMØREMJUK: Eplesmør er ein godsak med smøremjuk konsistens. 

Eplesmør har ein heilt nydeleg smak av karamellisert sukker, eple og kanel

Nyheiter

Sesongen for norske eple er i gong og det frydar eit mathjarte. Det finst mykje godt å bruke epla til, men eg vil anbefale deg å prøve dette. Eplesmør er overraskande godt og smakar nesten som karamellisert eplemos. Eplesmør inneheld ikkje smør i det heile, men har derimot smørekonsistens og er nydeleg godt på brødskiva.