Barn og unge i Ørsta las 219.070 sider i sommar

Årets Sommarles i regi av biblioteka er no avslutta, og i Ørsta deltok 195 born.

Sommarles: I år vert det ikkje tradisjonell Sommarles-avslutning, grunna koronapandemien. Biblioteksjef Hanne Steinsvik t.h.  Foto: Arkiv/Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Dei las 2.435 bøker som til saman vart 219.070 sider, fortel biblioteksjef ved Ørsta folkebibliotek, Hanne Steinsvik.

Sommarles er ei årleg lesekampanje som skal fremje leseglede blant barn og unge.

Av omsyn til smittevern var det ikkje mogleg å arrangere den tradisjonelle avslutninga på biblioteket i år, men som plaster på såret tilbyr dei ein film som unge leseglade – og andre – kan glede seg over.

– Filmen passar for både born og unge, seier Steinsvik.

Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som med midlar frå Nasjonalbiblioteket har laga filmen. Opptaket er gjort på Hakallegarden.

– I flimen fortel tre forfattarar frå Møre og Romsdal om og les frå bøkene sine. I filmen møter vi Hilde Myklebust med «Ylva og villgeitene», Maria Parr med «Keeperen og havet» og Ingunn Røyset med «Brevet frå krigen».

Etter avtale med forfattarane ligg filmen tilgjengeleg på Møre og Romsdal fylkeskommune sin You Tube-kanal t.o.m. 14. september.

I Noreg har Sommarles hatt 125.000 deltakarar, som til saman har lese over 1,5 millionar bøker. Bibliotekarane i Sommarles-biblioteka har delt ut over 136.000 premiar.

– Og den suverent mest leste boka i sommar er Reisen til Jotundalen av Malin Falch. Boka har vorte lest 9.000 gongar, kan Steinsvik fortelje.

Vinnarar i årets Sommarles i Ørsta:

De fem barna som har lest mest og som får gåvekort frå Norli:

  1. Vilma Moe
  2. Nikolai Halse
  3. Ragna Hofset Kile
  4. Sigurd Hjellen Vestad
  5. Yrja Astrid Huber Foldal

Ekstrapremier ved hjelp av tilfeldig trekking (fribillett frå Ørsta kino):

  1. Isabella Myklebust Vedvik
  2. Aminah Isra Khanl
  3. Kristoffer Aam
  4. Aron Elfar Larsen
  5. Lukas Myklebust

Bokpremiar:

  1. Frida Mårstøl Standal
  2. Vårin Ryste Aambø
  3. Anton Øie
  4. Ane Vinjevoll Lorvik
  5. Sina Jetmundsen Hovde

Hovuedpremier (gåvekort frå Ørsta kulturhus og kino):

  1. Sigrid Brekke Vestøl
  2. Mathea Hansen Fredheim
  3. Balder Hjorthaug
  4. Margit Øie Svedjan
  5. Amandie Cook