Plagast av pøbelstrekar

– No er det nok! Vi er lei av dette!

5B ved Velle skule. F.v. Victoria Ambroziak, Anna Emilie Vatne, Oskar Langlo Moe, Oline Ulvestad Dyb, Sander Skarmyr Sætre, Silje Søvik Mårstøl, Målfrid Vartdal Woldsund, Anna Grimstad Kriken, Isak Standal Kolås, Mari Gramshaug Fonseca, Jonas Falch, Esay Fitsum Gezae, Daniel Garder, Solfrid Louis Bush og Leander Tangen Karoliussen. Ikkje til stades: Helene Kile Kolbjørnsen og Thea Håskjold.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Klasse 5B ved Velle skule synest det er både trist, leit og irriterande at der er folk som øydelegg skuleplassen deira utanom skuletida. Og så er det desse må tinga som også er øydeleggande for dei som går på skulen.

– Ofte når vi kjem på skulen så er reiene snurra rundt stolpen høgt oppe, slik at vi ikkje når dei, fortel Anna Grimstad Kriken.

– Og leikene våre vert øydelagde, seier ho, og viser inn i eit skur der døra har fått store skadar.

Oppe på døra står det med store bokstavar: "Alt utstyr skal setjast attende på rett plass!"

Femteklassingane Sander Skarmyr Sætre og Anna Grimstad Kriken viser fram alt rotet i skuret. Her har døra vorte brote opp, og ufine folk har rota til heile lageret med leiker. 

Og alle elevane er flinke til det, kan 5B fortelje. Men når andre bryt seg inn og lagar kaos på lageret, då er det kjedeleg å måtte vere dei som må rydde opp etter andre sine pøbelstrekar.

– Og mange leiker er øydelagde også. Vi har sparkesyklar som vi har sett folk bruke andre stader enn på skulen, og eine sparkesykkelen fekk øydelagt styret, fortel dei.

Kjipt med tagging, synest Victoria Ambroziak, Mari Gramshaug Fonseca, Isak Standal Kolås og Esay Fitsum Gezae.  Foto: Janne-Marit Myklebust


No har dei skrive eit lesarinnlegg til Møre-Nytt, der dei gir klar beskjed til dei som øydelegg på skuleplassen: Andre kan gjerne kome og vere ute på skulen når vi ikkje er her, men ikkje øydelegg og kast søppel i skulegarden!

For skadeverka er mange: I eit skur på uteplassen er det både tagga ekle ord, og det er forsøkt å tenne fyr på treverket. Taket og døra til skuret er øydelagde, utstyr er rota med, det er gjort hærverk på eit bordtennisbord, og skulegarden flyt av bos om morgonen – særleg på måndagar.

Silje Søvik Mårstøl og Oline Ulvestad Dyb synest ikkje noko om at folk har brukt eld på skuleplassen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

– Nokre bosbøtter har også vorte øydelagde. Syklar og anna som har vore ute, har også vorte tatt eller vorte øydelagde.

Målfrid Vartdal Woldsund og Anna Emilie Vatne ved den øydelagde veggen til skuret på skuleplassen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Ser på saka

Rektor Vidar Nupen stadfestar det elevane fortel.

– Vi har eit problem med at der er nokre som bruker skuleplassen vår på ein måte det ikkje er meininga å bruke ein skuleplass. Eg er samd med 5B, og synest dei har eit fint syn på det også. Dei har nemleg ingenting i mot at skuleplassen vert brukt. Det er berre positivt med liv og røre og at folk har det kjekt saman, men problemet oppstår når skuleplassen vert forsøpla og ting vert øydelagde, seier Nupen.

Han fortel at dei ser på saka og at dei er i ferd med å sette i gang tiltak for å få bukt med problemet.

– Vi jobbar med det. Det er det eg kan seie no.

Og 5B håper at situasjonen vil betre seg.

– Vi er lei av å sjå at ting ute på skulen vår vert øydelagt. Ikkje øydelegg skulen vår! Bruk bosbøttene i staden for å øydelegge dei. Dei står nesten over alt! Det er ikkje kjekt å måtte rydde etter andre, og det er heller ikkje kjet å vere ute på eit rotete og øydelagt uteområde. Vi er glad i skulen vår! Hjelp oss å halde han fin! Det er kjekkare både for oss og alle andre om det ser ryddig og fint ut ute. Søppel og øydelagde ting kan også vere farleg for både dyr og små barn. Dette er ikkje bra for miljøet.

5B ved Velle skule er ein svært blid gjeng, så lenge skuleplassen får vere i fred for pøblestrekar.. F.v. Victoria Ambroziak, Anna Emilie Vatne, Oskar Langlo Moe, Oline Ulvestad Dyb, Sander Skarmyr Sætre, Silje Søvik Mårstøl, Målfrid Vartdal Woldsund, Anna Grimstad Kriken, Isak Standal Kolås, Mari Gramshaug Fonseca, Jonas Falch, Esay Fitsum Gezae, Daniel Garder, Solfrid Louis Bush og Leander Tangen Karoliussen. Ikkje til stades: Helene Kile Kolbjørnsen og Thea Håskjold.