Småjobbsentralen inviterer til ryddedugnad

Strandrydding: Mykje å finne i fjøra som ikkje høyrer heime der. Her frå ein tidlegare ryddeaksjon på Raudøya.  Foto: Illustrasjon/Arkiv

Nyheiter

I høve Strandryddeveka som går frå 5.- 19. september, ønskjer Småjobbsentralen, saman med Ørsta kommune, Volda og Ørsta Reinhaldsverk og Sunnmøre Friluftsråd, å invitere skular, organisasjonar, grendelag og frivillige til ein ryddedugnad.

Det skriv kommunen på heimesidene sine.

Grunna covid-19 pandemien vart årets strandryddeaksjonar flytta frå våren til hausten.

– Hausten er minst ei like fin tid å rydde avfall som har kome på avvege etter våren og sommaren. På den måten unngår vi også å forstyrre fuglane i hekketida, samtidig som vi får rydda nærområda før vinteren bankar på døra og snøen dekkjer gamle synder, skriv kommunen.

For hjelp til registrering av ryddeaksjonar og utlevering av ryddeutstyr, kan ein ta kontakt med Småjobbsentralen. Dei kan også hjelpe med å frakte avfall frå ryddeaksjonar til miljøstasjonen i Hovdebygda. Dersom ein ønskjer å ta del i andre ryddeaksjonar, finn ein oversikt over lokale aksjonar på Ryddeportalen.

– Vi minner om at det framleis er viktig å ta omsyn til dei generelle krava om smittevern som til ei kvar tid blir gitt av styresmaktene.