Opprettar ny felles koronatest-stasjon for Ørsta og Volda

Den interkommunale teststasjonen skal plasserast i dette huset i Hovdebygda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Frå komande måndag vert det ny oppmøtestad for koronatesting i Ørsta og Volda.

Adressa er Langemyra 3, og lokalet er i same bygning om Glasverkstaden. Huset ligg ved vegen inn mot Trafikkstasjonen i Hovdebygda.

Dei som bur i Volda tingar time hos legesenteret i Volda. Ørsta kommune har eigen koronatelefon, 90 83 07 20. Sjekk elles heimesidene til Ørsta og Volda kommunar for meir informasjon.