Dusjanlegg er friskmelde

Dusjanlegga i Ørstahallen er friskmelde etter at det i august vart funne spor av legionella.

Ørstahallen.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Frå fredag 11. september kan alle dusjanlegga med unntak av dei i garderobe 9 og 10 brukast, melder Ørsta kommune på si heimeside.

Dusjanlegga i Ørstahallen har vore stengt sidan 27. august etter funn av Legionella-spor ved rutinemessig prøvetaking. Dusjanlegga er friskmeldt frå 11. september, med unntak av garderobe 9 og 10. Grunnen til at desse blir haldne stengt ei stund til er at det er i desse dusjanlegga er funne veldig små mengder av Legionella-sporar.

I samarbeid med entreprenør og leverandør av det Legionella-førebyggande systemet vil Ørsta kommune saumfare heile vassfordelingssystemet for å sjå om ein kan finne potensielle svakheiter i denne enden av bygget.