Ny låt og konsert

– Nokre seier at «hurragutt» er bokmål. Det er feil. Nemninga har vorte nytta på «Dala» så lenge eg veit om

Vassendgutane vil ikkje vere heilt tiltakslause i koronapausen. Fredag kom det ny låt, og om ei veke vert det dobbeltkonsert på Trandal.

Vassendgutane: Fredag og laurdag om ei veke står bandet på scena på Trandal.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

– Vi må spele for publikum. Det er dei vi er til for, seier vokalist og låtskrivar Sindre Aam.