Asfalterer for millionar

– Dette vert eit arbeid til stor samfunnsnytte. Det har mykje å seie for bygdene

I løpet av året vert det asfalt på mest heile den 9,5 km lange Standalvegen. Då vil kommunen ha brukt nærmare 26 millionar kroner på prosjektet.

Gler seg: Bas Steinar Hjorthaug, oppsynsmann Arnstein Ose og ordførar Stein Aam gler seg over at Standalvegen snart vert ferdig. 

Nyheiter

– Dette vert eit arbeid til stor samfunnsnytte. Det har mykje å seie for bygda Store-Standal og Hjørundfjordstranda, for vegen som skuleveg, og for satsinga på Standaleidet som hytte- og utfartsområde, seier ordførar Stein Aam.

Det er eit ganske stort prosjekt som vart sett i gang i 2018, då dei fyrste 1,8 km med asfalt vart lagt i Øyabakkane til ein kostnad av 4,5 millionar kroner, som fyrste lekk i asfalteringsarbeidet.

Standalbakkane

– Asfalteringsarbeidet kom i gang fordi vi fekk rapportar om at kostnadene med vedlikehaldet av Standalvegen vart svært dyrt. Mykje grus vart pløgd vekk under teleløysinga, til dømes, fortel Aam.

I 2019 heldt arbeidet med asfalteringa fram.

– Då asfalterte vi Standalbakkane frå Standal, og vi hadde arbeid med muring og ei ny bru på Standal. Då brukte vi 8,5 millionar kroner på ei strekning på 3,5 km, fortel oppsynsmann Arnstein Ose.

Parkeringsplassar: Til venstre på biletet vert det laga til eit område for parkering. Parkeringsområdet får ei lengde på 210 meter.  Foto: Rune Sæbønes

Koronapengar til bruer

I 2020 vert resten teke. Det vil seie asfaltering opp på sjølve Standaleidet. Arbeidet tok til denne veka, og det skal asfalterast i fleire omgangar.

– I alt vert det asfaltert 4,2 km, og vi har budsjettert å bruke 11,3 millionar kroner, fortel Ose.

I tillegg er det løyvd 1,6 millionar kroner i koronastøtte. Desse midlane skal brukast på nye bruer, ei på Standal-sida, og to i området ved Myklebustsetra.

– Den eine greier vi ikkje å gjere ferdig i år, men skal få gjort det til våren. Det vil seie det vert ei strekning på eit par hundre meter som ikkje vert ferdig asfaltert i år, seier Ose.

Han tek også eit lite veratterhald.

– Det kan kome tidleg vinter som vil forseinke oss på arbeidet elles. Koronasituasjonen gjorde at vi kom seinare i gang i år enn planlagt, seier Ose.

Heilårsveg og kyrkje

For ordførar Stein Aam er det ei sak som har vore med han i mest heile hans politiske karriere som no nærmar seg ei avslutning.

– I 1988 hadde vi dei fyrste forhandlingsmøta om å kome i gang med arbeidet med Standalvegen som heilårsveg. Då lukkast vi å få løyvd 500.000 kroner i oppstartsmidlar. Det var eit kompromiss mellom Senterpartiet og KrF, der løysinga vart pengar både til Standalvegen og til kyrkjelydssekretær, fortel Aam.

Då handla det altså om å få gjort Standalvegen til ein heilårsveg, og arbeidet var eit spleiselag mellom kommunen og Standal knuseverk med Asgeir Standal i spissen.

Hytteutbygging

I løpet av åra har trafikken over Standaldeiedet og til sjølve Standaleidet auka. Det har vorte bygt ut eit stort hyttefelt, og fleire hytter er på veg.

– Sparebank 1 Søre Sunnmøre har lagt ut 32 hytter for billigsal. Åtte av dei er selde, og fleire sal er på gang. Det viser behovet for å få til ein skikkeleg veg, seier Aam.

I samband med opprustinga og asfalteringa vert det også laga til eit parkeringsområde på sjølve Standaleidet. Det er eit område på 1.500 kvm, i ei lengd på 210 meter.

– Behovet for parkeringsplassar er stort. Særleg om vinteren er det stor utfart til området, seier Ose.

Han rettar ei stor takk til alle som har medverka i prosjektet.

– Vi har greidde å få til dette prosjektet med å bruke lokale leverandørar og entreprenørar – i tillegg til NCC som står for asfalteringsarbeidet gjennom ein rammeavtale kommunane på Søre Sunnmøre har på slikt arbeid, seier Ose.