Dramatisk år for far og son

Kjempeutbrot av korona på båten - og mann over bord

Å vere skipper er ingen spøk. Det har både far Kjetil (snart 63) og son Lasse (36) fått erfare det siste knappe året.

SAman igjen: – Ja, det var lenge sidan sist, seier Kjetil Sætre til sonen - og skipperkollegaen Lasse. 5. februar reiste Kjetil til Seattle, og etter kvart vart 108 av dei 122 om bord i «American Dynasty» korona-smitta. Kjetil slapp unna, men kom heim først 26. august - og ut av karantene sist laurdag. 

Det vart månadsvis utan at eg kunne gjere det eg ville. Litt som å vere fange, vil eg tru

Nyheiter

Dramatikken starta like før jul i fjor. Då hadde Lasse sin andre tur som skipper om bord på «Ramoen», og i grov sjø og mørkre gjekk alarmen: Mann over bord! Oddsa var små for at mannen skulle kome til rette igjen, men heldigvis gjekk det bra.