Kommune- NM

Ørsta gjekk forbi Volda

Ørsta sentrum frå Brekkeheida.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ørsta vert rangert som nummer 121 av 356 i det som vert kalla kommune-NM

NHO står bak rangeringa, som måler kommunen si økonomiske berekraft og potensial for vekst, og slik sett også måler attraktivitet for næringslivet.

Volda er rangert som nummer 173. Både Ørsta og Volda har falle på rangeringa siste året. I fjor var Volda nummer 73 og Ørsta nummer 77.

På Sunnmøre er Ulstein best, nummer 15 i landet, men rangeringa er basert på 2019-tal, altså før fallet i oljeprisen og krisetendensane i maritim industri.

Møre og Romsdal hamnar på sjuandeplass av fylka.

– Fylket har styrkt seg innanfor næringsliv og arbeidsmarknad, med auka kjøpekraft, fleire sysselsette i privat sektor og redusert arbeidsløyse. Likevel gjer netto utflytting, lågare kommunal betalingsevne og høgare kommunale administrasjonsutgifter at Møre og Romsdal har ei negativ utvikling innanfor demografi og kommuneøkonomi, står det i kommentarane frå NHO.