Desse får selje alkohol i Ørsta kommune

– Området må vere tydleg avgrensa

Det har blitt gitt tretten salsløyve for alkohol og tretten alminnelege skjenkeløyve frå politikarane. Ved Fru Svendsen ber dei om ei tydeleg avgrensing av skjenkeområde utandørs.

Avgrensing: Politikarane ber om at uteområdet som Fru Svendsen har løyve til å servere alkohol på vert tydeleg avgrensa. Arkivfoto 

Nyheiter

– Området som Fru Svendsen har søkt om kan eg ikkje sjå har ei tydleg avgrensing. Ved sida er det eit offentleg parkområde der ungar leikar. Det må vere tydeleg kva som skjenkeområde og kva som er park, sa Gunnar Knutsen (V).