Lite aktuelt med interkommunalt samarbeid no

Volda kommunestyre ønskjer ei felles kommunal teneste for geodata i Ørsta og Volda, men Ørsta seier nei – førebels.

Ørsta rådhus  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det kjem fram i ei orientering til tenesteutval for forvaltning og utvikling i Volda, 1. september.

Målet med eit interkommunalt samarbeid skulle vere å behalde fagmiljø, kompetanse og arbeidsplassar i kommunane.

Det har vore halde møte mellom kommunane om saka, tidleg i sommar med m.a. Her fekk Ørsta også spørsmål om å ta nokre oppmålingsoppdrag for Volda, då dei har avgrensa kapasitet for tida.

– I møte var Ørsta klare på at dei har meir enn nok arbeid sjølve no og at dei ikkje kan ta på seg oppdrag for Volda akkurat no. Med omsyn til interkommunalt arbeid mellom Ørsta og Volda kommunar, er ikkje Ørsta avvisande til samarbeid, men ønskjer ikkje å gå inn i noko formalisert samarbeid, til dømes vertskommunesamarbeid, slik dei ser det no. Ørsta har oppmålingstenester som fungerer godt, og ønskjer å halde fram slik som no. Ørsta ønskjer gjerne eit tettare samarbeid med Volda av typen faste møtepunkt for å diskutere faglege problemstillingar, står det i orienteringa.